Kesete Kifle og Simon Monstad Arets laerling Kesete Kifle og Simon Monstad delte sigaren i kåringa av «Årets lærling» i bygg- og anleggsbransjen i Vestland. (Foto: Marit Hommedal, EBA Vestenfjelske).

Dei vart «Årets lærlingar» i vest

Publisert: 22/des./2021

Kesete Kifle frå Eritrea, busett i Åsane i Bergen, og Simon Monstad frå Seim i Alver deler førsteplassen i kåringa av «Årets lærling» i bygg- og anleggsbransjen i Vestland. På delt andreplass fylgjer Julie Ibsen frå Frekhaug i Alver, Marius Hopland frå Radøy i Alver og Sjur Tenden Nesje frå Loen i Stryn. Alle fem tek utdanning i betongfaget.

Kesete Kifle (24) kom åleine til Norge i 2014 etter sju månader på flukt frå Eritrea, berre 17 år gamal. Då kunne han korkje engelsk eller norsk, men etter eit kurs i norsk kom han til Bergen og byrja på Nygård ungdomsskole. Etter det vart det vidaregående opplæring i byggfag på Laksevåg vgs før han gjekk ut i lære. Nyleg avslutta han utdanninga med fagbrev med beste karakter. – Vi er fulle av beundring for innsatsen Kesete har lagt ned, og er stolte av at han no har vorte fagarbeidar hos oss, seier dagleg leiar Marit Moberg Vossgård i entreprenørverksemda Hjelmen. Som lærling har han mellom anna fått opplæring på den nye demninga til Bergen kommune i Munkebotn, og det var her han tok fagprøva.

«Ein liten juvel»
Den andre vinnaren, Simon Monstad (19), er elev på TAF-lina for bygg og anlegg på Knarvik vgs, og skal avslutte fire års utdanning med eksamen i studieførebuande fag og ta fagprøve til våren. Han er lærling hos LAB Entreprenør og blir av arbeidsgjevaren omtala som «ein liten juvel». Dette fordi han både er kunnskapsrik og engasjert i jobben. 

Simon starta for øvrig å jobbe som to-åring med å samle ved etter trefelling, ein innsats som tanta lønna han med 20 kroner. Akkurat no tek han del i arbeidet med å gjere den gamle lærerhøgskulen på Landås til eit nytt inkluderingssenter i Bergen.

 - Eg synes det var veldig kjekt å verte kåra til Årets lærling. Det er ei stadfesting på at innsatsen eg har gjort undervegs har vore god, seier Simon. 

Har hatt flott utvikling
Også Julie Ibsen (19), som kom på delt andreplass i kåringa, er TAF-elev på siste året. Ho er lærling i entreprenørbedriften Strand. «Hun har hatt en flott utvikling i faget, er entusiastisk, og ønsker alltid å være nøyaktig, effektiv og ferdig til rett tid», heiter det i grunngjevinga for hennar kandidatur. Bedriften peikar óg på at Julie har høgt fokus på HMS, og at ho bidrar til eit godt og sosialt arbeidsmiljø. For tida er ho engasjert i prosjektet S2 Wergeland i Bergen.

Tek stort ansvar på jobben
Marius Hopland (20) har vore lærling i Consto Bergen, og tok fagprøva tidlegare i år med beste karakter. Han starta utdanninga i betongfaget med to år på Knarvik vgs, og fekk då utplassering hos Consto. Dei såg umiddelbart at Marius hadde eit stort potensial og soleis fekk han tilbod om læreplass i bedriften. Han vert omtals som moden og ein person som tek stort ansvar på jobben. Nå jobbar han på bustadprosjektet Villa Amtmann i Bergen. 

Marius seier det er kjekt å nå opp i kåringa av «Årets lærling». – Det er stas å få noko igjen for innsatsen eg la ned gjennom læretida, seier han.

Taklar varierte oppgåver
Sjur Tenden Nesje (19) gjekk to år på lina for bygg- og anleggsteknikk på Stryn vgs før han vart lærling hos HS Bygg i juni i fjor. «Sjur har bevist at han taklar varierte arbeidsoppgåver på ein god måte, han er sjølvstendig, likar utfordringar og kjem godt overeins med kollegaer», står det mellom anna i grunngjevinga frå verksemda.

- Det er hyggeleg at innsatsen min vert lagt merke til, seier Sjur. Som lærling har han mellom anna tatt del i bygging av gondol i Åndalsnes og på tilbygget til ærverdige Hotel Union Øye i Ørsta, og jobbar no med eit biogenergianlegg i Innvik i Stryn. 

Best blant nær 500 lærlingar
Alle dei fem som nådde opp i kåringa vart heidra med diplom og premie på 10.000 kroner til kvar av vinnarane og 5.000 kroner til dei tre på andreplass på eit arrangement i Bergen i regi av EBA, Vestenfjelske avdeling og Byggopp Vestland. Dette opplæringskontoret er mellom dei største i fylket, og fylgjer opp nær 500 lærlingar og personar som fylgjer utdanningsprogrammet fagbrev på jobb.  

- Svært høgt fagleg nivå

Alle fem Arets laerling2

Alle dei fem som vart hedra i kåringa av Årets lærling: Frå venstre Sjur Tenden Nesje, Marius Hopland, Julie Ibsen, Simon Monstad og Kesete Kifle. (Foto: Marit Hommedal, EBA Vestenfjelske).

Det er verksemdene som nominerar dei beste kandidatane til tevlinga om å verte «Årets lærling». Deira fråsegner om lærlingane sine faglege kvalifikasjonar og personlege eigenskapar, vert vurdert og bedømt av ein uavhengig jury i bransjen.

– Det faglege nivået til dei nominerte kandidatane var spesielt høgt i år, seier jurymedlem Mads Wiik Kleven, som representerar Fellesforbundet i styret for Byggopp Vestland. – Bygg- og anleggsbransjen vert stilt overfor stadig strengare krav til bærekraft, klimatiltak og offentleg regulering. Med bakgrunn i dette er det positivt at bransjen møter dei mange utfordringane med auka eigenutvikla kompetanse, seier han.

 

Les reportasje i BA om «Årets lærling»; Nyheter, Byggebransjen | Uvanlig lærling i en uvanlig lærebedrift: – Kult å være litt annerledes (ba.no)
Les reportasje  Fjordingen om «Årets lærling; Sjur vart «Årets lærling» - Fjordingen