Sindre Refvik 2.0

«Årets lærling» er snart ingeniør

Publisert: 09/des./2020

– På ungdomsskulen hadde eg ein god rådgjevar som sa at det kunne vere lurt å ta fagbrev først, før vidare utdanning som ingeniør. Eg gjorde som ho sa, og har ikkje angra på det, seier Sindre Refvik (22).

Han vart i 2017 kåra til «Årets lærling» i bygg- og anleggsbransjen på Vestlandet. I juni året etter fekk UNU-lærlingen frå Måløy fagbrev som tømrar.

– Tre dagar seinare sat eg på skulebenken på sommarkurs i matematikk, for å kvalifisere meg til plass via «Y-vegen» til byggingeniør-lina på Høgskulen si avdeling i Førde. Hvis alt går bra får eg bachelor-graden min i mai.

Les meir i EBA Vestenfjelske sitt nyheitsbrev